Henrik Rytter var diktar, omsetjar og lærar som førte norsk ættekjensle og naturlyrikk saman med europeisk utsyn og klassiske referansar. Slik vart han på mange vis den viktigaste arvtakaren etter Arne Garborg.
Henrik Rytter var fødd som Henrik Grytnes i tidlegare Bjørnør kommune (no Åfjord) i Trøndelag. Han voks opp i Haram på Sunnmøre og var heile livet prega av naturen og folkelynnet på Mørekysten. Rytter vart folkehøgskulelærar, men som 40-åring gav han opp læraryrket for å verte skribent på heiltid. Han skreiv fleire skodespel, men er mest kjend som lyrikar. I alt gav han ut sju diktsamlingar, prega av natursymbolikk og eksistensielle motiv. I 1930-åra omsette Henrik Rytter 23 av William Shakespeare sine skodespel til nynorsk. Også Dante Alighieris Den guddomlege komedien og Giovanni Boccaccios Dekameronen kledde han i norsk språkdrakt.
Rytter var ein mykje brukt folketalar og foredragshaldar. Han engasjerte seg sterkt mot nazismen og sat fengsla ein periode på Bredtvedt under andre verdskrigen. Dei siste leveåra budde han på Geilo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.