Faktaboks

Innbyggjartal
3332 (SSB, 2023)
Landareal
2,6 km²
Tettstadsnummer
4705 Skudeneshavn
Skudeneshavn
Av /Riksantikvaren.
Lisens: CC BY SA 4.0

Skudeneshavn er ein tettstad i Karmøy kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,6 km², og har 3332 innbyggjarar (2023).

Skudeneshavn ligg på sørspissen av Karmøy. Tettstaden vart tildelt merket Olavsrosa av stiftinga Norsk Kulturarv i 2016, og vart freda som kulturmiljø i 2018.

Skudeneshavn er ein gamal fiskarstad som fekk sterkt oppsving med sildefisket på byrjinga av 1800-talet. I 1857 vart Skudeneshavn ladestad, og i 1865 tollstad. Rundt 1860 hadde Skudeneshavn om lag 1200 innbyggarar. Statens havnevesen gjennomførde utbygginga av hamna mellom 1866 og 1870, og i 1938 lå ein ny molo klar. Det blei òg bygd ein ny molo i 1993.

Bygningane og lokalmiljøet har stor kulturhistorisk verdi, og så og seie alle dei 125 husa og 100 sjøbuene som var på staden i 1850, står framleis.

Fleire skipsreiarar er registrert i Skudeneshavn. Elles har staden fiskemottak og fiskeforedling, slipp og mekanisk verkstad, samt ein naturpark med mange tre frå andre land.

Kommunestyret i Karmøy vedtok i 1996 at Skudeneshavn skal ha bystatus.

Namnet kjem av norrønt skúta ‘bergvegg som skyt fram’, og siktar til ein spiss som skyt ut frå Karmøya i søraust og som blir kalla Skudeneset, Skudepynten eller Skude.

Kart

Skudeneshavn
Skudeneshavn
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg