Ståle Dyrvik var ein norsk historikar, forskar og professor emeritus ved Universitetet i Bergen, og ein av pionerane i norsk historisk demografi. Han hadde dessutan lokalhistorie, økonomisk historie og tidleg moderne historie som spesialfelt.
Dyrvik var fødd i Vågan. Han tok utdanning som cand.philol. ved Universitetet i Bergen, med hovudfag i historie, der han skreiv hovudoppgåva Befolkningsutvikling og sosiale tilhøve i Etne prestegjeld 1665–1801 (1971). Etter at han var ferdig utdanna, hadde han ei tid stipend frå Noregs forskingsråd for å arbeide vidare med demografiske spørsmål. Mellom anna studerte han i 1971–1972 i Paris hos Louis Henry, som vert rekna som grunnleggjaren av faget historisk demografi.
Frå 1975 var Dyrvik fast knytt til Historisk institutt ved Universitetet i Bergen, først som førsteamanuensis og frå 1988 som professor fram til han gjekk av med pensjon i 2014. Han underviste hovudsakleg i tidleg moderne historie (1500–1800). Dyrvik har interessert seg for og forska mykje på tilhøvet mellom Danmark og Noreg i denne perioden.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.