
Opningskonsert: Musikk & Språk
Torsdag 3. juli kl. 20.00 | Idrettshallen, Førdehuset
Festivalen sin største konsertproduksjon! Her du får du oppleve - og oppdage - sju av festivalartistane før dei har sine eigne konsertar!
Musikk og språk høyrer saman. Dei formidlar kjensler, identitet og det å høyre til. I kveld møter vi artistar som brukar musikk for å halde liv i språket sitt, og vi får oppleve musikk som eit universelt språk, som bind oss saman på tvers av alle grenser og barrierar: Kajsa Balto og Aleksander Sjølie, Trio da Kali, Ustad Noor Bakhsh, Goitse, Besh o droM, Hekate og Inger Hannisdal Ensemble. Programleiar er ingen ringare enn radiostemma frå Førde, Ronny Brede Aase.
Dørene opnar kl. 19.15.
Konserten er ein del av festivalpasset, og skjer på den største arenaen vår, Idrettshallen i Førdehuset. På denne arenaen kan du kjøpe plassbillett for kr 50,- på golvplan. Publikum utan plassbillett sit på galleri og tribune.

RONNY BREDE AASE

TRIO DA KALI
BESH O DROM

GOITSE

HEKATE
INGER HANNISDAL ENSEMBLE

USTAD NOOR BAKHSH

KAJSA BALTO OG AMUND SJØLIE