Åndalsnes er ein tettstad i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,2 km², og har 2449 innbyggjarar (2023).
Åndalsnes er administrasjonssenter i Rauma kommune, og ligg ved utløpet av Rauma i Romsdalsfjorden. Åndalsnes er eit stort kommunikasjonssenter. Her er endestasjon for Raumabanen til Dombås, der han er knytt til Dovrebanen. Frå Åndalsnes går vegar vidare til Ålesund (E136) og Molde og Kristiansund (fylkesveg 64/E39). E136 fører opp gjennom Romsdal til Dombås og E6.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.