Austmannalia er ei fjellside i Røldal, Ullensvang kommune, Vestland fylke, nord for Røldal tettstad.
Haukelivegen vart bygd oppover lia i 1880, med åtte krappe slyngar på den 3,4 km lange parsellen, stigning 1:12. Vegen er seinare lagd i vendetunnel (E134). Den gamle vegen er open for trafikk om sumaren. Denne er freda som kulturminne.
Namnet er etter austlendingane, 'austmenn' som kom over fjellet, og vitnar om ferdsle i eldre tider.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.