Gregers Fougner Lundh var den første professoren i økonomi i Noreg, og hadde òg ei sterk interesse for språk og historie.
Lundh vart fødd på Fron i Oppland. Faren var prest. Lundh studerte andreeksamen og medisin ved Københavns Universitet. I 1807 kom han heim til Noreg og blei offiser i den norske hæren, etter at det engelske «flåteranet» i 1807 førte Danmark-Noreg inn i napoleonskrigane på fransk side.
I 1814 var Lundh nær knytt til Christian Frederik og sjølvstendepartiet, før han om hausten fekk stilling ved det nye Universitetet i Kristiania, der han i 1822 blei professor i økonomi (statsøkonomi, landhusholdningslære og teknologi). Lundh var elles aktiv i Selskabet for Norges Vel og mellom anna sentral i opprettinga av Samlinger til det Norske Folks Sprog og Historie (1833–1839).
I 1807 skreiv Lundh eit upublisert notat der han spurde: «Hvorfor har Norge ikke et eget nationalt Sprog?» I notatet, som truleg skulle bli nytta i ei form for «minidisputas» eller akademisk øving for nokre medstudentar, drøfta Lundh også korleis ein kunne gå fram for å få eit skriftspråk i Noreg. Lundh meinte at utarbeiding av ei «fuldstændig Ordbog» var ein nøkkel i så måte, og han skreiv mellom anna: «En Mand med de fornødne Kundskaber og Mod måtte fremstaae og bryde Isen.»
Han var òg interessert i norske historiske kjelder. Han gav ut mellom anna Prøve af et Norskt Diplomatarium (1828) og Bergens gamle Bylov (1829, og det var Lundh som tok initiativ at Stortinget gav dei første løyvingane til Norges gamle Love. Han stifta i 1831 Samfundet for det norske Folks Sprog og Historie. For lettare å kunne setje i verk kjeldeskriftplanane sine skaffa han seg i 1832 boktrykkjarløyve. Blant dei skrifta han trykte, var fleire av Wergeland.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.