Grodås er ein tettstad i Volda kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 493 innbyggjarar (2023).
Grodås var inntil 2019 administrasjonssenter i dåverande Hornindal kommune.
Grodås ligg ved austenden av Hornindalsvatnet, ved fylkesveg 60 mellom Stryn og Hellesylt. Staden har variert industri, mellom anna trevareindustri, møbelindustri og hytteproduksjon.
Svormuseet er eit skulpturmuseum med mange av arbeida til bilethoggaren Anders Svor (1864–1929).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.