Hjukse er ein tettstad i Notodden kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 276 innbyggjarar (2023).
Hjuksevelta ligg ved austsida av Heddalsvatnet. Like sør for tettstaden ligg Hjuksebø, der Bratsbergbanen greinar av frå Sørlandsbanen.
I 2020 vart grenda og tettstaden Hjukse overført frå Sauherad til Notodden kommune i samband med kommunereforma.
Namnet Hjukse kjem truleg av eit eldre elvenamn, Hjuksa, med uviss tyding; kan vere avleiing av norrønt hǫgg og siktar då til elveløpet gjennom trange juv.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.