Hol har den lågaste prosentdelen sysselsette innan primærnæringane blant kommunane i Hallingdal. I 2019 utgjorde arbeidsplassane i desse næringane tre prosent av alle arbeidsplassane i kommunen. Også industrien har ein relativt låg del av sysselsetjinga med fem prosent, der Buskerud fylke hadde tolv prosent. Industrien, inkludert bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon, hadde 18 prosent av arbeidsplassane i Hol, mot 25 prosent i Buskerud (2019).
Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er varehandel, overnattings- og serveringsverksemd den viktigaste næringa i Hol, med 29 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Reiselivet har eit tyngdepunkt på Geilo. Her er ei rekkje hotell og overnattingsbedrifter. Det er stor hyttebusetnad mange stader i kommunen, mellom anna rundt Ustaoset. Særleg rundt Geilo er det store alpinanlegg.
Jordbruket er i all hovudsak basert på husdyrhald (storfe og særleg sau). Skogbruket er relativt beskjedent i Hol. Med eit avverka kvantum for sal på 9700 kubikkmeter hadde berre Hemsedal ei lågare avverking blant kommunane i Hallingdal (2023).
Den klart viktigaste industribransjen i Hol er verkstadindustrien, med 2/3 av dei industrisysselsette i kommunen (2019). Innan verkstadindustrien er metallvareindustrien viktigast. Av andre industribransjar er møbel- og annan industri og næringsmiddelindustri viktigast, med høvesvis 15 og 8 prosent av sysselsetjinga i næringa (2019). Verkstadindustrien finn ein særleg på Geilo, der ein har jern- og metallvareindustri med lange tradisjonar (knivar, øksar og andre reiskapar og verktøy), likeins på næringsområdet i Kleivi ved grensa til Ål. Her er også andre bransjar representerte.
Hol er kommunen med fjerde størst vasskraftproduksjon i Buskerud, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei ti vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1277 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Hol I (Urunda) (i drift fra 1956), som står for om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Hol I (Votna) (1949) og Hol III (1958). Hafslund ECO Vannkraft er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Ustekveikja Kraftverk med om lag seks prosent.
Kommentarar (6)
skreiv Øystein Kirkeluten
Hei
Nokre rettelsar: Hol gamle kyrkje ligg rett nok ved Holsfjorden, men dermed og i Holet (ikkje Hovet, som skrivi).
Byrkjedalen (Bjørkedalen) er ein ikkje busett fjelldal og "avstikkaren" Urunddalen (utan 'i') har ikkje fast hatt fast busetnad i nyare tid. Som eg kjenner det er dei ingen grunnkrets. Likeleis kan eg ikkje sjå at Sør-Hovet, søre og Sør-Hovet, nordre har vore eigne skulekretsar. Det var berre to her, samt ein krets i Sudndalen.
Produsert kraft er feil om ein reknar med Usta Kraftverk som har storparten av tilsiget sitt i Hol (Rødungen sør ligg i Ål). Mogleg kraftstasjonen er rekna til Ål kommune. (Hol I, II og III har åleine ca 1100 GWh.)
svarte Per Roger Lauritzen
Hei
Takk for gode innspill. De er tatt inn i ny versjon. Kraftproduksjonen i Usta kraftverk er tatt inn i Ål kommune. Mvh Per Roger Lauritzen
svarte Per Roger Lauritzen
Hei
Takk for gode innspill. De er tatt inn i ny versjon. Kraftproduksjonen i Usta kraftverk er tatt inn i Ål kommune. Mvh Per Roger Lauritzen
svarte Øystein Kirkeluten
Takk for svar. Men Hovet hadde berre to skulekrinsar, om det er dét som er meint. Dette var Nord-Hovet og Sør-Hovet. Men det er eit naturleg skilje myljo dei søre og nordre gardane i Sør-Hovet ved garden Rue (mogleg i Hol I eller Hol II). Kraftproduksjonen inkluderer kommunens "eige" kraftselskap Ustekveikja og nokre småkraftverk.
svarte Per Roger Lauritzen
Takk igjen. Dette bør være rettet opp nå.
svarte Per Roger Lauritzen
Takk igjen. Dette bør være rettet opp nå.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.