Jørpeland er ein tettstad i Strand kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 4,2 km², og har 7534 innbyggjarar (2023).
Jørpeland er administrasjonssenter i Strand kommune, Ryfylke, rett aust for Stavanger i Rogaland. Jørpeland ligg ved munninga av Jørpelandsåna i Idsefjorden, ein arm av Boknafjorden. Kommunestyret har vedteke at Jørpeland kan bruke nemninga by frå 1998.
Jørpeland er ein tradisjonsrik industristad med stor trevare- og møbelindustri allereie på 1880- og 1890-talet (Jørpelands Brug) og med grunnlegginga av hjørnesteinsverksemda Stavanger Electro Staalverk A/S i 1911 (frå 1991 Scania Steel Stavanger AS og frå 2015 Stavanger Steel AS). Elles har tettstaden noko verkstadsindustri. Jørpeland er eit viktig handelssenter for søre del av Ryfylke. Jørpeland kyrkje er oppført i mur og sto ferdig i 1969. Skulpturen Solspeilet av Stian Heimlund Skjæveland er plassert på Klungholmen i skjærgården utanfor Jørpeland.
Frå Jørpeland går fylkesveg 523 nordover mot riksveg 13 (Ryfylkevegen). Vegen gir samband til Stavanger via undersjøisk tunnel (sjå Ryfylketunnelen og Ryfast). Fra Jørpeland gir fylkesveg 523 forbindelse til Sandnes via ferje over Høgsfjorden (Oanes–Lauvvik) 24 kilometer sør for staden. Fylkesveg 523 er òg ein del av Nasjonal turistveg Ryfylke.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.