Margit Sandemo var ein av dei mest folkekjære forfattarane av underhaldningslitteratur i Noreg nokon gong.
Margit Sandemo vart fødd på Lena i Oppland i 1924, flytta til Sverige i 1930 og døydde i heimen sin i Skåne i 2018. Etter gymnaset gjekk ho på teaterskule i Stockholm. Ho fekk roller ved teateret og operaen, men i 1945 braut ho opp frå storbyen og budde i Valdres i mange år.
Den første romanen, De tre frierne, skreiv ho i 1963. Dei neste 10–15 åra skreiv ho føljetongar for aviser og vekeblad, til forlaget Bladsentralen i 1980 bad henne om å skrive ein serie for dei. Det vart starten på Sagaen om Isfolket, ei slektskrønike frå 1500-talet fram til vår tid. Frå 1982 til 1989 skreiv ho 47 bøker om Isfolket. Serien vart ein av dei største boksuksessane i Noreg gjennom tidene og vart seld over heile verda.
Etter Isfolket-bøkene følgde andre storseljande seriar: Heksemesteren (1991–1994), Sagnet om Lysets rike (1995–2000) og Trollruner (2005–2007). I dei fleste av bøkene er handlinga lagd til norsk og nordisk historie, men i trilogien Kiaras saga (2013) er det Irland på 1600-talet som er ramme for forteljinga.
Sandemo skreiv over 180 bøker, som er selde i 40 millionar eksemplar og omsette til eit titals språk. Knapt nokon norsk forfattarar har erobra eit større publikum. Anerkjenning frå litteraturkritikarane skorta det derimot på, og ho fekk ikkje medlemskap i Den norske forfattarforeining.
I 2014 vart ho tildelt Kongens fortenestemedalje for forfattarskapen sin.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.