Nini Roll Anker var fødd inn i ein embetsmannsfamilie i Molde i 1873. Saman med familien flytta ho til Kristiania i 1888. I 1892 gifta ho seg med godseigar Peter Martin Anker. Ho vart ein del av overklassen i Fredrikshald (i dag Halden), men hennar sosiale og politiske engasjement synte seg allereie året etter då ho vart valt til formann i Tistedalen Pikeforening, ein organisasjon for arbeidarkvinnene i bruksbyen. Kvinnenes arbeidstilhøve og -miljø i vart mellom hovudtematikkane i forteljingane Lil-Anna og andre (1906), som var Nini Roll Ankers debut under eige namn. Forteljingane, som skulle inspirera forfattaren Ragnhild Jølsen til å skriva novellesamlinga Brukshistorier året etter, fortel om maktstrukturar, utnytting, dårlege butilhøve og arbeidets pris på sagbruk, veveri og spinneri.
Ektemannen, Peter M. Anker, hadde eigarinteresser i bruk som likna dei Roll Anker skildra. Dei vart skilt 1907. Roll Anker gifta seg med eksmannens fetter, ingeniør og båtbyggjar Johan August Anker i 1910. Dei levde saman på Vollen/Lillehaugen i Asker resten av livet. Roll Anker fekk aldri eigne born, og dette var ei sorg for henne, men ho hadde eit nært forhold til sine eigne søsken, og deira born. Systera Astrid, barndomsveninna Hanna Ræstad frå Molde og Sidsel Andresen, som hadde følgt Roll Anker heilt frå tida i Tistedalen, sat ved Nini Roll Ankers seng då ho døydde i 1942, knapt to år etter hennar store kjærleik, ektemannen Johan Anker.
I 1910 vart Nini Roll Anker nestformann i Den Norske Forfatterforening. Ho hadde sentrale verv i fleire periodar fram til 1940, og jobba særleg med å betra norske forfattarars økonomiske kår og tok initiativ til ulike stipendordningar. Også privat var ho ei viktig kraft for norske kunstnarar og forfattarar i økonomiske, så vel som personlege, kriser. Forfattarkollega og kritikar Sigurd Hoel skriv: «Hennes samlede verker burde ha en rekke tilleggsbind, bøker der det sto på omslaget: Disse bøkene er blitt til, takket være hjelp i råd og dåd av Nini Roll Anker».
I to periodar skreiv Roll Anker under pseudonym. Ho debuterte med I blinde i 1890 under pseudonymet Jo Nein. Vel etablert som forfattar gav ho i perioden mellom 1927 og 1930 ut tre romanar, Liv, livet og jeg, Vi skriver en roman og To ungdomsår, under pseudonymet Kåre P. Mange prøvde å finna fram til forfattaren som ein var overtydd om at var ein ung, lovande og mannleg skribent. For Nini Roll Anker vart pseudonym ein måte å sleppa unna lesaranes og kritikaranes forventningar og fordommar til hennar kjønn og klassebakgrunn.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.