Storfjordnytt er ei norsk vekeavis med kontor i Valldal på Sunnmøre. Ho kjem ut i papirformat kvar torsdag, og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa er lokalavis for Fjord kommune, og dessutan for ein del av Stranda kommune. Storfjord Bladlag AS er eigarselskapet. Storfjordnytt er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Storfjordnytt (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- STORFJORD BLADLAG AS
- Også kjend som
-
Norddal Bygdeblad (1979–1989)
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Valldal
- Dagleg leiar
- Britt Ingunn Maurstad
- Styreleiar
- Olav Løvoll

Digitalt
Storfjordnytt publiserer på ulike digitale flater. Ei fullverdig og jamt oppdatert nettavis vart tilbudt lesarane i 2020. Samstundes vart det innført betalingsmur for ikkje-abonnentar.
Historie
Storfjordnytt på Indre Sunnmøre er ei av dei små lokalavisene som kom til i 1970-åra, og som har overlevd på dugnadsånd og sterkt lokalt engasjement. Avisa var i starten berre tenkt for Norddal kommune, men det vart avgjerande at også Stordal blei ein del av dekningsområdet i 1989.
Norddal Bygdeblad
Bygda Valldal i dåverande Norddal kommune (no Fjord kommune) fekk si eiga avis hausten 1979 med namnet Norddal Bygdeblad. I løpet av få veker hadde 130 lokale småaksjonærar teikna seg for 13 000 kroner i aksjekapital for tiltaket. I første utgåva av Norddal Bygdeblad skreiv bladstyrar Terje Linge at han håpa at avisa skulle bli møteplassen som han følte heimeverande og utflytta norddalingar mangla. Linge ville at avisa skulle bli «ei støtte for bygdekulturen, for nynorsken og for Utkant-Noreg». Kommunen stilte med billige lokale for redaksjonen i rådhuskjellaren. Den dugnadsdrivne avisa kom ut kvar 14. dag og fekk 430 abonnentar første året.
Det blei etter nokre år vanskelegare å halde ved like dugnadsånda, og avisa sleit økonomisk. Hausten 1988 drøfta styret om avisa skulle prøve å ekspandere til nabokommunen Stordal, sidan det dåverande nettoopplaget på langt under 1000 og avis kvar fjortande dag, var for lite til å få pressestøtte. Men då krava for å få pressestøtte vart senka til 1000 i opplag og éi avis i veka, såg Norddal Bygdeblad eit høve for betra økonomi. I 1988 vedtok avisa derfor å tilby abonnement til spottpris til lag og organisasjonar for å nå målet om eit opplag på 1000 aviser.
I tillegg la ein planar om å ekspandere til den dåverande nabokommn Stordal, der Bygdebladet frå Sjøholt dominerte. Stordal formannskap løyvde 20 000 kroner til dekking av lønsutgifter for ein journalist i Stordal i seks månader. Stordalingane blei lova at tre til fire sider i kvart nummer skulle vere stoff henta frå Stordal. Dette skulle ikkje gå ut over dekninga av Norddal, slik det vart lova i avisa: «Du som bur i Norddal – eller er av dei snart 400 utflytta norddalingane som abonnerer – skal ikkje merke anna forskjell enn namneendring og at sidetalet no blir auka frå 8 til 12 sider.»
Storfjordnytt
Avisa skifta namn til Storfjordnytt og kom ut ein gong i veka. Talet på abonnentar auka frå 700 til over 1000 i løpet av 1989. I 1990 fekk Storfjordnytt pressestøtte for første gong, men omlegginga til vekeavis kravde store ressursar og ny kapital. Hausten 1990 blei det gamle Norddal Bladlag L/L avvikla, og Storfjord Bladlag AS skipa, med fleire hundre lokale eigarar. Dessutan kjøpte også organisasjonar, verksemder og Norddal og Stordal kommune aksjar. Fram til 1997 tapte avisa mykje av aksjekapitalen, men sidan har driftsresultata vore betre.
Opplag
Opplagstall for Storfjordnytt, 1988-2023
tidspunkt | |
---|---|
1988 | 878 |
1990 | 1299 |
1991 | 1319 |
1992 | 1324 |
1993 | 1333 |
1994 | 1346 |
1995 | 1444 |
1996 | 1463 |
1997 | 1478 |
1998 | 1482 |
1999 | 1590 |
2000 | 1610 |
2001 | 1558 |
2002 | 1682 |
2003 | 1556 |
2004 | 1572 |
2005 | 1578 |
2006 | 1585 |
2007 | 1586 |
2008 | 1460 |
2009 | 1452 |
2010 | 1439 |
2011 | 1425 |
2012 | 1378 |
2013 | 1384 |
2014 | 1405 |
2015 | 1354 |
2016 | 1373 |
2017 | 1358 |
2018 | 1296 |
2019 | 1264 |
2020 | 1284 |
2021 | 1292 |
2022 | 1287 |
2023 | 1185 |
År | Opplag |
---|---|
1988 | 878 |
1990 | 1299 |
1999 | 1590 |
2008 | 1460 |
2015 | 1345 |
2018 | 1296 |
2020 | 1284 |
2021 | 1292 |
2022 | 1287 |
2023 | 1185 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Fyrste nr. 28.11.1979
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.