Torvald Tu var ein norsk forfattar. Han var ein allsidig og flittig forfattar som skreiv skodespel, romanar, forteljingar, stubbar, eventyr og dikt, ofte på eit sterkt jærfarga nynorsk og med ein folkeleg humor.
Torvald Tu var fødd i Klepp på Jæren. Han var ein av dei få nynorskforfattarane som levde av å skrive, men sleit hardt i periodar. Verklista hans utgjer rundt 70 titlar. Av desse er halvparten skodespel, hovudsakleg folkekomediar, som blei oppførte på store og små teaterscener over heile landet, ikkje minst i ungdomslag og mållag. Kjærleik på Lykteland blei ein publikumssuksess på Det Norske Teatret i 1923.
Tu henta motiv og stoff frå bygde- og bondemiljøet på Jæren. Han hadde eit skarpt blikk for typar i lokalmiljøet og skildra folk med innsikt og varme. Under den lune humoren låg alvoret. Stubbesamlingane er ofte skrivne på jærdialekt, og dei beste er Fint fylgje (1926) og Hugnad-stunder (1930). Tu gav ut fleire kritikarroste samlingar med nyskrivne eventyr, og vekte såleis oppsikt med ein sjanger som er lite utbreidd og lite påakta i norsk litteratur. Av diktsamlingane kan nemnast Jærdikt (1943) og Gjennom grindane (1953).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.