Visdalen er eit trongt dalføre i Jotunheimen, i Lom kommune, Innlandet fylke. Visdalen skjer seg rett sørover frå Røysheim (515 moh.) i Bøverdalen og går mellom Noregs to høgaste fjell, Galdhøpiggen i vest og Glittertinden i aust.
I Visdalen ligg Spiterstulen turisthytte (1106 moh.), 18 km sør for Røysheim. Av Noregs 24 fjelltoppar over 2300 m kan opptil 15 nåst på dagstur frå Spiterstulen.
I Visdalen veks det furu opp til cirka 1100 moh. I dalen renn Visa, ei bielv til Bøvra.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.