Vossamål er den tradisjonelle dialekta på Voss og har naturleg nok mange vestnorske særdrag. Tonegangen i orda og setningsmelodien er også typisk vestnorsk. Vossamålet høyrer inn under det sørvestlandske a- målet. Dette området strekkjer seg frå og med Midtre og Indre Sogn og sørover til og med det meste av vestlege Agder.
Bygda Voss ligg nord i det gamle Hordaland fylke, om lag 10 mil aust for Bergen.
Området har endinga -a i infinitiv og i svake hokjønnsord ubestemt form eintal: å fara, å kasta og ei veka og ei visa. I tillegg har vossamålet (som elles i sørvestlandsk) a-ending i ord som åtta (talordet åtte), heima, gjedna (gjerne) og i visse adjektivformer som det stora huse, den stora kyrkjò.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.