Ditto er eit lånord som betyr likt, likeins eller av same slag. Ditto blir brukt ved opprekningar og liknande for å sleppe å gjenta ord og setningar.

Faktaboks

Etymologi
frå eldre italiensk ‘det som nettopp er sagt’

Forkortinga for ditto er do.

Eit døme på ordet i bruk er setninga «ho har på seg ein ny genser og ditto bukse», som betyr at både genseren og buksa er ny.

Les meir i Store norske leksikon