Hede er eit udyrka område, same ordet som hei. I Noreg finst ordet mellom anna i områdenamnet Hedmarken (norrønt Heiðmǫrk) og bygdenamnet Hedrum (norrønt Heiðar(h)eimr).

Faktaboks

Etymologi
norrønt heiðr, same ordet som norsk hei

I Sverige, Danmark og Nord-Tyskland viser ordet til sand- og grusrik, udyrka lyngmark; Axvalla Hed, Lyrskog Hede, Lüneburger Heide.

Opphavleg var ein heidning ein mann frå heden, ein som budde utanfor sivilisasjonen.

Les meir i Store norske leksikon