Nominativ er ein grammatisk kasus som har som hovudfunksjon å skilje subjektet frå objektet i ei setning.
Den typiske funksjonen til nominativ er å markere kva for ein nomenfrase som er subjekt i ei setning, som vist i denne tyske setninga, som tyder 'mannen gav gjesten kaffien'. Her er nomenfrasen der Mann 'mannen' subjekt:
setningsledd: | subjekt | verbal | indirekte objekt | direkte objekt |
---|---|---|---|---|
kasus: | nominativ | dativ | akkusativ | |
der Mann | gab | dem Gast | den Kaffee | |
mannen | gav | gjesten | kaffien |
At ein nomenfrase har kasusen nominativ, er uttrykt gjennom bøyinga av eitt eller fleire ord i nomenfrasen, eller ved ein grammatisk partikkel. På tysk kjem kasus primært til uttrykt i bundne (bestemte) og ubundne (ubestemte) artiklar. I dømet over ser vi at nominativ står i motsetnad til kasusa dativ, som markerer det indirekte objektet, og akkusativ, som markerer det direkte objektet.
I mange andre europeiske språk kjem kasus i større grad til uttrykk på substantiv og adjektiv. Denne setninga viser korleis det kjem til uttrykk på polske substantiv (dette språket har ikkje artiklar):
setningsledd: | subjekt | verbal | indirekte objekt | direkte objekt |
---|---|---|---|---|
kasus: | nominativ | dativ | akkusativ | |
mężczyzna | podał | gościowi | kawę | |
mannen | gav | gjesten | kaffien |
For å uttrykkje 'gjesten gav mannen kaffien' må me gjere 'gjesten' til subjekt og 'mannen' til indirekte objekt – og 'gjesten' står då i nominativ:
setningsledd: | subjekt | verbal | indirekte objekt | direkte objekt |
---|---|---|---|---|
kasus: | nominativ | dativ | akkusativ | |
gość | podał | mężczyźnie | kawę | |
gjesten | gav | mannen | kaffien |
I mange språk er nominativ også kasusen til eit subjektspredikativ, som i dette islandske dømet, som tyder 'maten er kald':
setningsledd: | subjekt | verbal | subjektspredikativ |
---|---|---|---|
kasus: | nominativ | nominativ | |
maturinn | er | kaldur | |
maten | er | kald |
Eit objektspredikativ står derimot i akkusativ, som i dette dømet, som tyder 'mannen åt maten kald', der maten er kald, ikkje mannen:
setningsledd: | subjekt | verbal | objekt | objektspredikativ |
---|---|---|---|---|
kasus: | nominativ | akkusativ | akkusativ | |
maðurinn | borðaði | matinn | kaldan | |
mannen | åt | maten | kald |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.